Vennligst vent...

Kunsten å skrive forstått og forklart gjennom metaforer

La deg inspirere av hvordan forfattere forklarer kunsten å skrive gjennom metaforer og hvordan noen av våre mest kjente forfattere snakker om egen skriving.

Hvordan kjøpe boka

Boka koster kr 299. Dersom du bor i Tønsberg, kan du kjøpe boka i Kammegaten 7 eller Botnegaten 17. Ta kontakt på telefon 95859223 eller 97198351.

Betal med Vipps

Ved mangel, kan reklamasjon skje senest to år etter at kjøper overtok varen. For spørsmål eller reklamasjon, se kontaktinfo nederst.

Etterord: Å skrive godt er å vite kva ein snakkar om

Norunn Askeland

På slutten av 1990-talet var eg student på eit doktorgradskurs i språkvitenskap ved Universitetet i Oslo. Eg hadde då nettopp fått eit Fulbright-stipend for å reise til University of California, Berkeley, for å vere med på metaforkursa til den då svært kjende George Lakoff . Dette fortalde eg stolt til medstudentane mine på doktorgradskurset. Ein av dei sa då: «Kva har du der borte å gjere? Det har ikkje kome mykje nytt frå den kanten på ei stund. Kvifor reiser du ikkje heller til England og til University of Leeds? Der er det mange gode metaforforskarar. Eg trur du vil lære meir der enn i Berkeley.» Det høyrer med til historia at han som sa det, var engelsk, men det høyrer også med å medgje at han hadde rett i at det finst mange universitet som har eit sterkt miljø med ulike profilar innan metaforforsking. Han hadde også rett i at eg hadde mykje å lære frå britiske metaforforskarar. Det fann eg ut då eg nokre år etter kom meg til Leeds etter først å ha vore i Berkeley.

Boka er skriven i ein personleg tone. Her er vi langt frå doseringa i ei akademisk lærebok. Vi får heller delta i ein lågmælt og interessant samtale over eit kafébord, der forfattaren lener seg varsamt fram, ser oss i auga og viser oss at ho har mykje på hjartet, av og til i parentesar. Men vi vil ikkje gå glipp av noko, så vi les parentesane også, mens vi lener oss fram og seier: «Fortel meir!» Det som skjer i boka, er at forfattaren sjølv demonstrerer fleire av metaforane brukte om å skrive. Ein av dei er Å SKRIVE ER Å FORFØRE.

Forfattaren forfører oss gjennom å vise, utvikle og tolke metaforane på ein måte som viser god innsikt i dei mange kjeldeområda for metaforane. Ho har god kjennskap til forfattarane sine liv og forfattarskap, og slik kan ho skape samanheng mellom metaforbruk og erfaring. Eit godt døme på dette finn vi der ho fortel oss at Niels Christians Geelmuyden samanliknar skriving med god, gammaldags bilkøyring, der tekstsjåføren sit i førarsetet og har kontroll over tekstkøyretøyet. Det gjeld å ha ein køyreplan, å styre og bremse ned, stoppe opp og setje opp farten når det trengst. Det er ikkje berre Geelmuyden som fører ordet om denne køyremetaforen. Også Per Petterson, Haruki Murakami, Merete Morken Andersen, Walter Mosley, Anne Lamott og Gro Dahle får eit ord med i laget om å forklare og utdjupe metaforen. Slik er det forfattaren forfører oss. Ho auser kunnskapen utover oss på ein vennleg måte, utan å dosere og utan å keie oss med unødvendige detaljar, og vi forstår i tillegg at det er meir å hente der det kjem frå, om vi til dømes tek ein titt på litteraturlista bak i boka. Slik sett er boka ei slags Sareptas krukke som aldri blir tom.

Ein skeptisk lesar av dette etterordet vil kanskje kunne tenkje at ein ikkje skal stole altfor mykje på eit så rosande etterord, og særleg ikkje når det er ein forlagstilsett som skriv det, og i alle fall ikkje når vedkommande er tilsett i det forlaget som gir ut boka. Til det er å seie at den skeptiske lesaren i prinsippet har rett. Det er ingen uavhengig forfattar som skriv dette. Tvert imot er eg Magdalenas medforfattar på boka Metaforer – hva, hvor og hvorfor? (2019) og har attpåtil vore rettleiar for henne på doktoravhandlinga Psykisk sykdom i et språksammenliknende perspektiv. En kognitiv-lingvistisk metaforstudie basert på norske og tyske lærebøker i sykepleierutdannelsen (2014). Slik sett er det freistande å snu på utsegna til den kjende senterpartipolitikaren Liv Signe Navarsete, som vart sint då ho fekk urettvis kritikk frå ein lokal aktivist. Då sa ho som kjent: «Du veit ikkje kva du snakkar om!» Den lesaren som let seg forføre av Magdalena Agdestein-Wagner gjennom å lese boka, vil forstå at både ho og eg veit kva vi snakkar om.

Informasjon for kjøp

Juridisk navn: BULBUL FORLAG NORUNN ASKELAND

Org.nr: 926891758

Kontakt: Norunn Askeland, tlf 97198351, norunn.askeland@usn.no , Kammegaten 7

Omslag